Velkomen til seminaret "Få smaken fram - kjøtfèraser" - Landskap i drift
Få smaken fram!

Få smaken fram!

Velkomen til seminaret

Frå beitestrategiar til kjøtkvalitet og smak hjå kjøtfe - fagmøte for deg som vil velja rett rase til produksjonen din. Korleis får smaken fram, heile vegen, frå beite til bord?

Vi følgjer opp fjorårets suksess av "Send graset gjennom rett mage"  og har ein gong til skipa til eit spanande program for deg.

Vi har invitert bønder, forskarar, kokkar, slaktarar, rådgjevarar som foredragshaldar for at du skal få best mogleg svar. Smaksprøvar og demos vil gjera opplegget til ei unik samling du ikkje vil gå klipp av!

Kva vil skje?

Fredag 31. mars arrangerer vi eit seminar som rettar seg mot dei som skal bruka kjøtet og dei som produserer kjøtet.

Ja, du les riktig. Kokkar og bønder skal vera samla og høyra om ulike raser av storfe til kjøtprodukjon– og ja, me skal ikkje bera høyra men også smaka på kjøt frå ulike dyr og ulikt kvalitet - presentert av Pablo og sitt team frå Colonialen på Litteraturhuset i Bergen.

På seminaret samlar vi bønder frå Hordaland, både dei som vil byrja med beitedyr og dei som produserer allereie, for å læra meir om leveringstidspunkt, kvalitet, rase, drift, slakting etc.

Vi skal presentera 4 storferaser med alle sine eigenskapane ift smak, kvalitet og krav rundt drift med meir. Seminaret starter kl 10.00 på Fosse- stova på Litteraturhuset med alle foredrag og lunsj. Det vil vera god tid til mingling og erfaringsutveksling både under og etter foredraga. 

Dette seminaret er retta mot nye og erfarne bønder, kokkar, innkjøparar - rett og slett dei som produserar lokalt og dei som vil kjøpa lokalt

Tid: 10:00-16:30

Det er plass til 40 deltakarar. Viss du vil vera ein av dei, må du melda deg på snarast (sjå lenkja til høgre). 


Program:

Program

Program

Colonialen/ Litteraturhuset i Bergen

Påmelding