Velkommen til "Sau og geit - Vestlandets utvalde smaksbærarar" - Landskap i drift

Velkommen til «Sau og geit – Vestlandets utvalde smaksbærarar»

Fadderprosjektet, i samarbeid med NLR Vest og Colonialen på Litteraturhuset inviterer til dette seminaret.

Vestlandet byr på gode beite, spennande rasar, flinke produsentar og eit foredlingskjede som gjer sitt utarste for å få smaken fram, heilt til bords. Eit godt samarbeid mellom alle ledd er nøkkelen.  Kunnskap om det dei andre driv med for å ta vare på deira innsats for produktet, til det er din tur å bruke det vidare/ nyte det.

Gratis seminar for kokkar, innkjøparar, produsentar, og slaktarar

Kokkar, produsentar og slaktarar skal vera samla og høyra om ulike raser av sau og geit til kjøtproduksjon– og ja, vi skal ikkje bera høyra, men også smaka på kjøtet frå alle dei dyra vi skal høyra om - presentert av Pablo og sitt team frå Colonialen på Litteraturhuset i Bergen.

På seminaret samlar vi bønder frå Hordaland, både dei som vil byrja med beitedyr og dei som produserer allereie, for å læra meir om raseval, driftsopplegg, kvalitet, rase, produktutvikling, slakting, foredling på garden etc.

Vi avsluttar med eit informasjonstorg/ speed dating der produsentar kan ta direkte kontakt med slakteri og kokkar – betre og meir direkte får du det berre ikkje.

Difor har vi skreddarsydd eit spennande program MED og FOR produsentar, rådgjevarar og kokkar.

Sjå vårt flotte program - er dette ikkje noko du/ de har lurt på å høyre meir om?

Eit spennande program - meld deg/ dykk på - du vil få kunnskap, nettverk og åtgaum!

Eit spennande program - meld deg/ dykk på - du vil få kunnskap, nettverk og åtgaum!

Stad: Litteraturhuset i Bergen


Har du spørsmål? Ta kontakt her: