Om LID - Landskap i drift

Om landskap i drift II (LID)

Landskap i drift – eit aktivt drive, mangesidig landbruk vil føra til at landskapet kan haldast ope på ein naturleg måte i samsvar med kulturlandskapets eigen historie.

Hovudmålet er å ha eit ope landskap. Gjennom aktiv drift skal dette nåast gjennom:

•   Utvikle større, samanhengande beiteområde, der ein har spesiell fokus på å ta i bruk innmarksbeite og utmarksbeite som ikkje er lenger i bruk, og legg noverande beiteområdet til rette for vårbeiting.

•   Fleire beitedyr

•   Finn gode løysingar for fôringsplasser for å unngå tap av husdyrgjødning, terrengskadar og ha betre styring av beitedrifta

•   Kompetanse (brukar)/ informasjon (forbrukar)

•   Kartlegging av miljøgevinst

Klimaplanen for Hordaland 2010 – 2020 har ulike strategiar for å nå målet om å redusere utslepp av klimagassar med 22% innan 2020. Ein av strategiane er meir klima- og miljøvennleg landbruksproduksjon i Hordaland.

Eit av tiltaka under denne strategien er å redusere nitrogengjødslinga av jordbruksareal. Fylkesmannen si landbruksavdeling har fått ansvaret for å gjennomføre dette tiltaket, og i den samanheng ser vi på ei løysing som gjeld å utnytte utmarka i større grad enn innmarka i deler av sesongen til beiting og innhenting av fôr.

Prosjektet Landskap i Drift del I ( LID I) vart avslutta årsskifte 2010 – 2011. Prosjektet har tidlegare fått midlar frå m.a Fylkeskommunen i Hordaland var og hadde fokus både på opent kulturlandskap, men også på næringsutvikling og auka kjøttproduksjon i fylket.
Målet er å vidareføre dette prosjektet i samarbeid med næringa , men med ei spissing mot bruk av utmark- og fellesbeite, større beiteområde med fellesgjerde og gode fôringsplassar.

Vi ser dette som eit godt og viktig prosjekt for å få realisera dei tiltak som ligg i klimaplanen for Hordaland om å senke forbruket av nitrogen gjødning og reduksjon av CO2 utslepp ifm med kjøtproduksjon. Ved å utvide- og ta i bruk utmarksbeitene i større grad både vår og haust, avlastar ein bruken av innmark og reduserar gjødslinga. Prosjektet er tenkt å gå over 3 år.

 

 

Innsparing av nitrogengjødning gjennom bruk av større beiteareal

Hovudessensen i prosjektet er å erstatte grovfôr frå intensiv produksjon på innmark med fôreiningar frå innmark- og utmarksbeiteområda som treng lite eller ingen ekstra gjødning, er. Dette gjer at eksisterande (beite)ressursar vert utnytta på ein betre måte til gode for miljøet og ein effektiv kjøtproduksjon.

 

Andre positive klimaverknader; mindre lystgas og CO 2 utslepp gjennom effektivisering:

I vidare konsekvens vil mindre nitrogen gjødning føra til mindre lystgassutvikling. Etableringa av større beiteareal, som er hovudmålet i prosjektet Landskap i Drift, bidrar til effektivisering og mindre kjøring for den enkelte brukar i forhold til lange kjørevegar ifm grovfôrproduksjon elles (dekk & dieselbonde).

· Stor trong for meir beiteareal som kan brukast til vårbeite
· Attgroingssituasjonen i Hordaland krev umiddelbar handling
· Underskot på kjøt, trong for meir miljøvenlege produksjonsformer om ein vil kunne forsvare ein aukande produksjon også i framtida
· Gode lokale føresetnader for ein ekstensiv/ meir miljøvenleg kjøtproduksjon med stort volum basert på lokale ressursar, både naturmessige og menneskelege.
· Trong for dokumentasjon på ein meir heildekkande måte på innsparingshøve ift økonomi, FE ekvivalent beite- produsert grovfôr versus nitrogenbruk ved utvida beitedrift

Samarbeid i LID = aktive grunneigar jobbar i lag eller aktive brukar har ein avtale med passive grunneigarar som stillar sitt område til disposisjon

  • Prosjektdeltakarar i LID I på Sætremarka, Austrheim

Send dine spørsmål til oss!