Spørsmål og svar - Landskap i drift

Spørsmål og svar frå fôringsplassprosjektet

Fôringsplassen må kunne fôre minimum 50 mordyr (sau) eller minimum 25 storfe. Forholdety tall eteplassar og tall dyr vil me gjerne finna ut meir av. Einaste kravet er at det ikkje er likemanga eteplassar som tall dyr. 2 eller 3 gongar fleire dyr enn eteplassar er tallet ein lyt ha i bakhovudet under planlegginga.

Uttforminga er overlat til piloten - takkutstikket må vera stort nok, det må vera nok plass til å kunne lagra fôret, same for møkka. Elles er storleiken ikkje noko fast. 

Spørsmål og svar frå Landskap i drift (LID)

Samarbeid kan avtales både mellom aktive brukar (arbeid, sambeiting, bruk av areal) og mellom aktive og passive i den forstand at dei får disponera areala deira.

Ja me har faste satsar/ timepris. Den endelige kostnaden kan variere, alt etter forhold etc. Sjå på døme her for korleis ein kan rekna seg fram til det:

Rydding gjer me i prosjektet med tall timer/ daa. Her gjeld det òg om ein kan rydda med motorsag, ryddesag, brenning, fliskutter, gravemaskin etc.

Så er det jo alltid òg eit spørsmål om det skal ryddast helt som ei fotballbane eller berre enkelte delar eller kor høg attgroingsgrad ein har. Avhengig av kor mykje som er grodd att på heile beitearealet, bruker me ein faktor for å samla det opp i daa.

Døme: 

Reknar ein med at til dømes 4 % av arealet (700 daa) må ryddast i snitt, og ein ser for seg at ein brukar traktor og fliskutter for å få dette arbeidet gjort. 2000,- kr / daa er satsen ved 100% rydding.

Så kan du rekna:

700 daa x 0,04 x 2000,- (kr) = 56 000,- (kr). Dersom ein ha mindre grad av attgroing, stort sett buskar og kratt så burde prisen ikkje liggjae over 1400,- kr/ daa med tanke på bruk av offentlige midlar og mykje tilgjengelig beiteareal elles i fylket.

Spørsmål og svar frå fadderprosjektet

Veldig enkelt! Du berre sender oss ein e-post med adressen til fadderen (eller fleire om naudsynt), så tek me kontakt og forklarer mer av prosjektet. Så har me eit felles oppstartsmøte - så er de allereie i gong!

Ja, det kan du/de! Enten har du starta opp med noko nytt i tilleg til det du allereie driv med eller har planar om å byrja med noko nytt. Då er det alltid godt å ha ein fadder med seg! 

Ta kontakt med oss, så finn me den beste løysinga for deg/ de!


Send oss dine spørsmål!