Styret

Hordaland Bonde - og Småbrukarlag støttar prosjektet "Landskap i drift" – ope landskap gjennom aktiv drift

Norsk Bonde - og Småbrukarlag har som føremål å fremja positiv utvikling av bygde - Noreg, med vekt på kortreist mat, miljøvennleg produksjon, god dyrevelferd og levande kulturlandskap.

Eit opnare landskap vil vera til nytte og glede både for gardbrukar og allmenheita, samt gje auka produksjon av landbruksprodukt, t.d. lammekjøt som vi i dag importerer frå New Zealand. 

HBS vil oppfordra medlemane til å ta i bruk utmarksressursane dei rår over, og ta gjerne kontakt med naboar, grendalag/idrettslag etc. for ev. samarbeid. 

Prosjektet "Landskap i drift" kan støtta tiltak på din gard eller i di grend.

 

Nortura ser landskap i dirft prosjektet som eit av fleire viktige tiltak for å opprettehalda og auka produksjonen av småfe. 

Me ser landskap i drift prosjektet som eit vitkig tiltak for å oppretthalde eit produksjonsmiljø og slik at ein får tilført nok råvarer til vår industri, i dag er produksjonen for liten. Me skulle ikkje vera nøydd til å importera småfe til Noreg. Dette er vårt hoved fokus for å vera med i prosjektet.

Hordaland Bondelag deltek i prosjektet Landskap i drift fordi me ynskjer å vera med på å utvikla nye samarbeidsformer som kan ivareta og utvikla kulturlandskapet i ei tid med nedgang i talet på aktive bønder.

Me vonar og trur at samarbeid om beitebruk, der ein i sterkare grad ser på landskapet sine naturlege avgrensingar enn på eigedomsgrenser, kan gjera det interessant for fleire å satsa viare i næringa, slik at ein kan få snudd den negative utviklinga med nedgang i produksjonen. Me håpar også at kommunane ser nytten av ei slik satsing, og bidreg med ressursar til dei som ser moglegheiter i nye driftsformer. Dersom ein lukkast i dette arbeidet, trur me både næringa og lokalsamfunna vil sjå nytten av både auka produksjon, og eit opnare og meir tilgjengeleg landskap.

Hordaland sau og geit si satsing på landskap i drift prosjektet

Hordaland sau og geit er glad for å få vera med i styringsgruppa for Landskap i drift. Dei fleste bønder i Hordaland driv med sau, så våre medlemmer er ein viktig grunn til at me har eit så velstelt landskap i fylket. Mykje av denne jobben vert gjort av våre sauer og geiter. Tidlegare landbruksminister kalla dei sågar landskapspleiens Rolls Royce. Ja, me er stolt av innsatsen som dyra våre gjer, men eg meinar at me bør vera like kry over eigen innsats. Eg tenkjer då det arbeid som vert gjort på dyrka mark både manuelt og med maskiner. Velstelte tun på dei utrulegaste stader. Vedlikehald av hundreår gamle vegar, murar, gjerde, skykkjer, uteløer og sel. Me steller skog, bekker og elvekantar. Ikkje minst gjer me ein stor innsats for Statens Vegvesen med kantslått langs vegane deira. Dette arbeidet er igjen med og sikrar utsikten for både turistar og lokalbefolkning. Denne jobben har vorte gjort i så mange generasjonar at det er lett å ta for gitt. Dette arbeidet vert gjort fordi det er ein naturleg del av driftsmønsteret vårt. Bonden er derfor umogleg å erstatta med lønna parkarbeidarar. Eit fortsatt aktivt småfehald i tilegg  til fruktdyrkinga og dei andre dyreslaga i fylket er derfor den beste garanti for det kulturlandskapet me har og som stadig utviklar seg med drifsformene.

Mange har idag overteke drifta av nabogardar og med det tre og firedobla arealet som må stellast. Skal ein forsatt drifta teigane på ein anstendig måte, må me sjå oss om etter nye løysingar. Me i Hordaland sau og geit er derfor ute etter varige rasjonaliserande tiltak. Målet vårt er at det skal vera lett og inspirerande å halda fram med stell av kulturlandskapet.

Me ser mange stader at det skrantar med kantslåtten. Dyrka mark vert ikkje lenger slått, medan for vert kjøpt frå andre kantar av landet. Skal drift av gardane forsetja også etter generasjonskifte må timebruken ned. Då er me avhengig av å rasjonalisera arbeidet vårt. Me oppmoar derfor medlemene våre om å søkja om midlar til tiltak som

-         Utjavning av veikantar.

-         Fjerning av gamle netting-gjerde og utjamning av kantsonene kring desse.

-         Fjerning av hindringar midt i teigen som vanskeleggjer bruk av moderne reidskap. (Fjellknausar, myrhol, haugar eller djupe søkk).

-         Tillaging av enkle køyrevegar.

-         Og andre foreinklande tiltak som de har bruk for.

-         Hugs då at mange av desse tinga eignar seg godt og gjera saman med naboen anten han er småfehaldar, fruktbonde eller driv med kyr.