Fôringsplassprosjektet - Landskap i drift

Utvikling av fôringsplassar i utmark

Klima i endring – tilpassingar må på plass!

Fylkesmannen si landbruksavdeling har som mål å utvikle beitedrift i fylket i tråd med dagens utfordringar og krav om effektvitet, stabilitet i produksjonen, berekraft og klimatilpassing. Bruksstrukturen er ganske så ulik og krevjande når det gjeld å leggja til rette for ein moderne driftsmåte.

Dette for å kunne konkurrera med andre næringar, og ikkje minst i eit endrande klima, der etterspurnaden av kjøtvarer aukar.

Samstundes har Hordaland gode føresetnader for kjøtproduksjon der ein kan hente mykje fôr frå beitedrift, både frå innmark og utmark. Likevel det er fleire utfordringar som attgroing, kostnader for gjødning i samband med fôrproduksjonen og nok fjøsplass til dyr.

Miljøvenleg OG klimatilpassa à guideline for ei berekraftig produksjon til ein lav pris?

Hordaland fylkeskommune har i samarbeid med landbruksavdelinga hjå fylkesmannen utarbeidd ein klimaplan der ein miljøvenleg kjøtproduksjon står høg prioritert. Mykje utmark, som ikkje krev ekstra gjødning byr på gode høve til å produsere utan at det blir eit stort negativ miljørekneskap pga CO2-, metan- eller lystgassutslepp. Dette føreset at ein legg til rette for at beitesesongen kan nyttast så lenge som mogleg. Dette er til det beste for dyr og kulturlandskapet – dei to av dei tre viktigaste ressursane me har i fylket i tillegg til bøndene som driv.

Driv ein med dyr, er driftsmåten veldig avhengig av kva ein har tilgjengeleg av lokale ressursar. Dvs. korleis dei kan verta nytta og for kva pris. Ut frå attendemeldingar frå prosjekt Landskap i Drift I (beiteprosjekt) sin fyrste periode, er det stor trong for meir vår- og haustbeite og bygningar for at ein skal kunne auka tal dyr.

Heilårsbeite - utvida beitesesong. Ein må leggja tilrette for det!

Å beite i utmark vert styrt av både vêr, fôrvekst, terreng og god gjerding. Som allereie nemna, er utmarksressursane store, men kan ikkje alltid nyttast optimalt pga vêret. Ofte må ein fôre i tillegg ved ein fôringsplass, d.t. om vinteren når alt er dekka med snø i ein kortare periode. Dette er ei utfordring innan drift med utegangar sau eller storfe i kystnære strøk. Her må ein ta ei avgjerd som tek omsyn til akkurat desse faktorane for at nytta ved å bruka utmark ikkje vert ete opp av mykje ekstra arbeid, investering og skading av miljøet.  Dersom jordbonitering passar, beitetrykket kan tilpassast og vegetasjonen er variert, så kan ein fôringsplass gje høve til ei lengre beitesesong eller til og med heilårsbeiting. Prosjektet skal dokumenterast nøye og i alle fall føre til meir grundig informasjon, noko som vil spare andre produsentar for fleire kostnader.

Fôringsplassar - eit viktig styringselement i framtida?

Fôringsplassar med tak og høve til å samla opp møkk er nøkkelen her. Det viser seg at blant andre fylkesmannembete og Norsk landbruksrådgjeving, ikkje kan finna løysingar på dette per i dag. Vert dyra fôra over ein lengre periode på ein plass, så skjer her ei overgjødning og dermed forureining, som vil øydeleggja dei vinningane frå å henta fôret frå utmarksbeite.

Fôringsplassen må ha difor ein fast grunn og eit tak over, slik at området ikkje får alt for mykje trakkskader og vatn i møkka. Utforminga av ein slik fôringsplass skal i alle fall ikkje konkurrera med kostnadane for å byggja ein ny fjøs, sidan det her dreier seg om ein fôringsplass til ekstensiv drift med heilt andre inntekter, tilskotsatsar og ikkje minst dyretal.

For at den enkelte brukar ikkje skal sitja att med ein høg kostnad for planlegginga, eller har mangel på erfaring og idear, treng ein her samarbeid og innovative løysingar, som andre i ettertid vil kunne dra nytte av. Fylkesmannen si landbruksavdeling håpar på at pilotane vil bidra til ei raskare utvikling av nye løysingar i heile fylket.

Pilotprosjekt – å slå fleire fluger i ein smekk:

Utfordringa hjå dei fleste er ofte at dei ikkje kan få stønad til byggeprosjekta sine frå Innovasjon Norge sidan storleiken, og dermed summen ikkje tilfredsstiller alle krava for å få stønad.

Å byggja fôringsplass skal vera rimeleg og lett –  i eigenarbeid eller i innkjøp av tenester. Prisen skal for eit slik fôringsplass ikkje vera ein flaskehals for driftsmåten ein produserer på.

Dette prosjektet vil kunne vera ei løysing der ein ser samla på effekten og sluttresultatet. Ein vil få å komme til ei løysing som seinare kan realiserast effektivt og rimelig, sidan kostnadene til å utvikle ikkje vil falle på den enkelte brukaren.

Landskap i drift II prosjektet fokuserer på fellesløysingar når det gjeld beitedrift og naturlegvis òg (felles) fôringsplassar. Kring kr 2.360 000,- er avsett til dette prosjektet, kor fôringsplassprosjektet får 42% prosent av potten. Innovasjon Norge har bidrege med kr 900.000 i midlar til 6 fôringsplassar (3 sau/ 3 storfe) og fylkeskommunen har gjeve 900.000 kroner i stønad, resterande sum bidrar Fylkesmannen i Hordaland.

Fôringsplassprosjektet kort fortalt:

  • Finne aktørar som representerer typiske bruk som har trong for ein fôringsplass for å anten kunne utvida beitesesongen eller tilleggsfôre i periodar med snø der det ikkje er tilgang til lyngbeite eller liknande.
  • Bruk med både storfe og saueproduksjon er målgruppa. Med midlar vil vi støtta opp under planleggingsprosessen, studietur og utprøving/ bygging og publisering av planløysingar. Fôringsplassane skal vera døme og utprøvingsstader, noko som kan føra til ekstra kostnader i samband med utviklingsprosessen.
  • Gjennom vårt opplegg vil me spara andre for desse kostnadane og mev dette bidra til at fleire kan realisera planane sine. Dette er viktig med tanke på rimelige driftsmåtar som er tilpassa klimaendringane.
  • Tilskotsatsane ligg på opp til 50% av investeringskostnadane.

Enkelt å fremja gode idear!

Last ned dei viktigaste fakta om prosjektet!

Flygeblad fôringsplasspilot

Last ned dei viktigaste fakta om prosjektet!