Nybrukar - Landskap i drift

Nybrukar

Tilbod i fadderprosjektet

Tilbod i fadderprosjektet

Fadderprosjektet er ein unik sjanse for nye brukarar til å koma i kontakt med erfarne bønder som er interesserte i å dele kunnskap, kompetanse og erfaring på ein lett og uhøgtideleg måte.

Prosjektet tilbyr eit uformelt samarbeid, gratis rettleiing frå fadderen, viktig nettverksbygging for at starten skal bli endå betre. Fadrane kjem til å setja pris på å få nye kollegaer i nærleiken, både for trivnaden og framtidig samarbeid.

Eit kompetent nettverk vil kunne hjelpe nybrukarane med mykje (sjå biletet).

Med 10 aktørar på di side vil du lukkast:
1. Hordaland Bondelag, 2. Hordaland Bonde og Småbrukarlag, 3. Norsk landbruksrådgiving, 4. Nortura, 5. Hordaland Sau og Geit, 6. Mattilsynet, 7. Skogeigarlaget Vest, 8. Fadder, 9. Landskap i drift, 10. Landbrukskontor

Korleis koma i gong?
Ta kontakt med oss – me vil hjelpa deg med å få kontakt med ”fadderen” din.

Fadderen vil tilby 15 timar rådgjeving som han/ ho får dekka av prosjektet. Det kan også bli lagt til rette studietur, bondekafé og enkelte kurs som kan verte nyttig for den vidare drift.

Me rår over it godt nettverk og engasjerte faddarar - berre ta kontakt, så ordnar me resten. Kjenner du kanskje allerede til en som vil verta fadder til deg? Her kan me også gjerne hjelpe med nettverk, økonomisk stønad etc.

Kontakt

Send e-post til Bastian Hoffmann: fmhobah@fylkesmannen.no

Du kan også ringja til prosjektleiaren Bastian Hoffmann på: 

Tlf:           +47 55 57 2147
Mobil:       +47 41 034 096

Siste nytt

Fadderprosjektet - noko for deg?

Fadderprosjektet er eit tiltak der nye brukarar vert rekruttert, og får påfyll av kunnskap. Gjennom dette prosjektet vil vi få meir trivnad, auka kompetanse, tettare fagmiljø og meir samarbeid (t.d. sanking, hausting, avløysing, innkjøp av driftsmidlar og mykje meir). Prosjektet legg til grunn et tett samarbeid med andre rådgjevingsteneste.
Ramma til heile prosjektet vil vera eit strukturert opplegg, der både fadder og ”fadderelevane/ nystartarar” vil få nytte gjennom kompetanse- og nettverksbyggjande tiltak.

Økonomisk stønad til fadrane skal honorera innsatsviljen deira og gjera det lettare for nybrukarane å etterspørja hjelp.