Markdag: åpning av fôringsplassen på Sunde i Kvinnherad - Landskap i drift

MARKDAG: OPNING AV FÔRINGSPLASS PÅ SUNDE I KVINNHERAD KOMMUNE

NLR Vest m.fl. inviterer til markdag om "heilårs utedrift med ammekyr". Laurdag 7. april kl 11, hjå Håvard Flaten og Tone Eitrheim, Sunde i Sunnhordland. Oppmøte og parkering ved Sunde skule.


Håvard Flaten og Tone Eitrheim har blitt fôringsplasspilotar og har bygga ei løsying til 20 storfe i utmark. Plassen er blitt ferdig for 3 veker sida og har allereie blitt teke godt i mot av dyra. Det å byggja fôringsplass er ikkje berre berre. Planlegging frå ide til realsering via kostnader, praktiske løysingar som tek omsyn dyrevelferd, miljø og lett drivemåte har vore ein prosses vi ikkje har så mange døme på. Desto viktigare er det då å dele på desse for at andre kan koma enklare i gang, sjølv om ein ikkje finn fleire stønadsordninger for dette, noko som var årsaken for å koma i gong med dette prosjektet.


Pilotane gjer ein kjempe innsats ved å samla inn slike erfaringar for andre. Prosjektstønaden er difor ein måte for å kompensere for denne inngåtte risikoen å prøve ut nye løysingar. Det vil alltid vera lokale forskjell som vil påverke kostnader, men sjølve utforming av fôringsplassen er noko man godt kan dele med andre.

Her kan du sjå filmen der fôringsplassen vert godkjent av prosjektleiinga.


Program:

  • Ammekudrifta på garden vår v/Håvard og Tone (utedrift med Belted Galloway, beitedrift og vinterfôr)
  • Synfaring på nybygd fôringsplass med takoverbygg og oppsamling av gjødsel (erfaringar, byggekostnad)
  • Krav til heilårs utedrift med ammekyr v/Arne Oftedal, Mattilsynet (tilsyn, le, fôring, kontakt med dyra)
  • Landskap i drift, prosjektinformasjon v/Bastian Hoffman, FMLA Hordaland
  • Marknad for storfekjøt v/Bjørn Magne Stople, Fatland
  • Nytt frå landbrukskontoret v/Tore Eik
  • Informasjon frå NLR Vest v/Leif Trygve Berge

Ein høveleg stad i programmet serverer Fatland AS grillmat.

Vel møtt til ein triveleg fagdag om storfekjøtproduksjon 😊

Facebook Comments

Oppmøte og parkering ved Sunde Skule

Spørsmål?

Ring Leif Trygve Berge frå NLR på 98245839