Korleis koma i gong? Send inn skissa på 1,2,3...

Landskap i drift er eit prosjekt for dei som vil samarbeide med andre aktive/ passive grunneigarar på tvers for å få til eit større, samanhengande beiteområde.

Landskap i drift (LID) midlane skal brukast for ekstra innsatsen ein gjer ved å opna opp eit større beiteområde i lag med andre. 

  • Prosjektet landskap i drift er retta mot alle dei som driv med beitedyr (sau, geit, hest, storfe) eller har eit samarbeid med dei som driv med dyr.
  • Enkelte personar/søkjarar verta oppfordra å søkja i lag med fleire om mogleg. Samarbeider med sitt kommunale landbrukskontor om søknadsskrivinga.
  • Utgangspunktet i søknaden skal vera å starta med aktiv drift eller byggja sjølve ut på eit eller fleire bruk med mål om å utvida beitearealet (spesielt vårbeite/ heilårsbeite) og halda dermed landskapet ope.

For å gjera det så enkelt som mogleg ber mi dykk å senda oss fyrst ei skisse.

Dette for at me kan vurdera om det de vil søkja om fall under prosjektet vårt. Etter me har fått inn skissa vil me koma med konkrete attendemeldingar, slik søknaden vert så spissa som mogleg.

Disse punkta burde ein ha i bakhovudet når ein held på med å laga ei skisse:

  • Kart over området
  • Innteikna gjerde med grinder etc.
  • Tall dyr ved oppstart, forventet tall om 3 år
  • Tall grunneigar (med og utan dyr)
  • Kva slags dyr (sau, utegangar, storfe etc.)
  • Kva slags beiteområde er det, lyng, utmark, innmark. Skog?
  • Kor mykje skal ryddast ca. i % av arealet
  • Vert området brukt som turområde?
  • Kva slags beitedrift tenkjar de? (Heilårsbeite, skiftebeiting etc.)
  • Kva slags midlar har de elles planlagt å søke?
  • Kva slags type gjerde skal det brukast? (Netting, permanent elektrisk gjerde etc.)
  • Kan det brukast enkelte stolpar av tre eller må eine bruka eventuelt metallstolpar eller må det borast ein del? (Halvparten/ en tredjedel/ ingenting)
  • Har området blitt beita frå før av? Eller berre enkelte delar? Kor mykje «nytt» beite vil det bli når prosjektet er gjennomført?
  • Kor lenge vil prosjektperioden verta?
  • Har de allereie en ide om korleis prosjektet vil organiserast?
  • Kven er det som skal søkja?
  • Når er det tenkt prosjektoppstart? I månad ….
  • Har de tenkt på å invitere oss på synfaring?
  • Kva er problemstillingane ift oppsetting av gjerdet? Kvifor vil de ha fleire område?
  • Kven som skal ta seg av gjerde jobben?

Mellom 1-1,5 A4 side pluss kart. Elles er det jo fritt å skriva meir om det de meiner me burde vite om dykkar situasjon.

Ein seinare søknad vil fungera samstundes som prosjektplan for dykk. Ein god plan er eit godt verktøy for å lukkast. Dette har me fått sett gjennom tida prosjektet har foregått.

Lurar de på noko? ta kontakt - me hjelpar dykk!

Prosjektet har inga søknadsfrist.

Alle skissar og søknader vert drøfta på styremøtetene våre. Me prøver difor å tilpassa møtetidspunkta ift det som kjem inn. Ta difor gjerne kontakt med oss når du sett i gong - slik me kan halda sakshandsamingstida så kort som mogleg!

Du/de kan senda skissa både i papir eller/ og elektronisk form til oss.

Send den til:

Fylkesmannen i Hordaland
Landbruksavdelinga
P.b. 7310
5020  Bergen

Eller elektronisk til fmhobah@fylkesmannen.no

Du kan ringja til prosjektleiaren Bastian Hoffmann på: 

Tlf:           +47 55 57 2147

Mobil:      +47 41 034 096

 

Me ser fram til å høyra frå deg/ dykk!