Korleis bli pilot?

Vi er på jakt etter fôringsplassar som

  • er rimelege
  • er enkle å installere
  • har tak over, og rund sjølve plassen
  • har høve til fôrlager
  • har høve til å samle opp møkk
  • kan fôre minimum 50 mordyr (sau) eller minimum 25 storfe.  Maks kostnadsramme, totalt på kr 150.000- 300.000.-

Det vert gjeve inntil 50% stønad av totalkostnadane til bygging, planlegging, m.m.

Me ynskjer oss fôringsplassar i heile fylket. Samarbeid mellom bruk vert prioritert. Prosjektet (2013- 2016) omfattar 3 plassar til sau og 3 til ungdyr/ ammekyr.

For å gjera det så enkelt som mogleg (fordi enkle løysingar vil me ha) ber vi deg å sende oss fyrst ei skisse. Dette for at me kan vurdera om type fôringsplass du vil utvikla fall under prosjektet vårt. Etter me har fått inn skissa vil me koma med konkrete attendemeldingar, slik søknaden vert lett så spissa som mogleg.

Disse punkta burde ein ha i bakhovudet når ein held på med å laga ei skisse:

Fôringsplass:

  • Begrunnelse/ formål
  • Plassering/ utforming av plassen ellers
  • Byggemåte – forklaring av byggemåten
  • Størrelse (tall dyr)/ inndeling/ hva kommer under tak/ hvordan vedlikeholdes eller driftes det hele?
  • Ideen hentet ifra/ finn ein tilsvarende byggningar?
  • (eventuelt: Priskalkyle/ budsjett/ finansiering…søkt om midler andre plasser? Kommune, egeninnsats, prosjekt midler som skal søkes.)
  • Trengs det rådgivingstjeneste ? eventuelle behov for å få kvalitetssikret bygget?
  • Når skal det være ferdig eller når er byggestarten planlagt?
  • Har kommunen fått varsel om?

Generelt:

Me har inga spesielle krav for storleiken på bygget.Det er heller ikkje nokre krav på form, om det skal verta rektangel, kvadrat, L eller rundt (sirkel). En kan støype kabelkanaler, bruke flis på duk (med avløpskanal), alt som hjelper til at en ikke får avrenning i terrenget.  

Me er interesserte i å finna rimelege løysingar. Ein vert oppfordra til å tenkja fritt. Overføringsverdien er sjølvsagt ikkje uvesentlig. Dvs veldig individuelle løysingar der ein t.d. får rester av eit hus eller takkonstruksjon som vert gjenbrukt er då ikkje så interessante fordi ein har det då vanskelig å samanlikne eventuelle kostnader etterpå.

Prosjektet har inga søknadsfrist.

Alle skissar og søknader vert drøfta på styremøtetene våre. Me prøver difor å tilpassa møtetidspunkta ift det som kjem inn. Ta difor gjerne kontakt med oss når du sett i gong - slik me kan halda sakshandsamingstida så kort som mogleg!

Du/de kan senda skissa både i papir eller/ og elektronisk form til oss.

Send den til:

Fylkesmannen i Hordaland
Landbruksavdelinga
P.b. 7310
5020  Bergen

Eller elektronisk til fmhobah@fylkesmannen.no

Du kan ringja til prosjektleiaren Bastian Hoffmann på: 

Tlf:           +47 55 57 2147

Mobil:      +47 41 034 096

 

Me ser fram til å høyra frå deg/ dykk!