750.000 kr i tilskot til rydding og gjerding! - Landskap i drift
Styret i landskap i drift: Bonde og Småbrukarlaget (Nils Bokampen), Bondelaget (Bodhild Fjelltveit) (leiing), Hordaland sau og geit (Arnt Bakke), Nortura (Karluf Håkull) (fråfall pga sykdom), representant frå landbruksavdelinga hjå fylkesmannen (Dirk Kohlmann), prosjektleiar (Bastian Hoffmann, tilsett på landbruksavdelinga)

Styret i landskap i drift: Bonde og Småbrukarlaget (Nils Bokampen), Bondelaget (Bodhild Fjelltveit) (leiing), Hordaland sau og geit (Arnt Bakke), Nortura (Karluf Håkull) (fråfall pga sykdom), representant frå landbruksavdelinga hjå fylkesmannen (Dirk Kohlmann), prosjektleiar (Bastian Hoffmann, tilsett på landbruksavdelinga)

LID Løyva kr 750.000 til rydding og gjerding i Hordaland!

Formålet med prosjektet er å få større, samanhengande beiteområde. Anten ved å opne opp attgrodde beite eller gjerde inn der det tidlegare var skog. Om utmarka skal nyttast til vår-, haustbeite eller heilårsbeite: ugjødna fôreiningar er ein fantastisk ressurs å nytta. Eit velstelt kulturlandskap er samstundes blitt like viktig for ålmenta, som det er å produsera eit godt kjøtprodukt for dei som driv. 

Stor respons blei det etter siste utlysing av LID midlane: 20 skisser som kom inn. Alle innsendarar vart oppfordra til å koma med ein søknad – 15 søknader kom inn.

Aldri så mange søknader før

750.000 ,- kroner var til rådvelde, medan sjølve søknadssummen var på fleire millionar. Det har aldri før koma inn så mange og så gode søknader som denne gongen. Styret i prosjektet består av praktikarar som kjenner til mange plassar i Hordaland, vilkår og døme for korleis ryddearbeid kan vera krevjande, ikkje minst kor viktig det er og kva som må til for å få ting realisert. Fryden var stor å kunne sjå kva spennande planar søkjarane hadde - det kom inn søknader frå 35 til 1700 daa!

Stort mangfald blant prosjekta

Samarbeid både mellom aktive og passive grunneigarar,  ulike dyreslag, foredling på garden, heilt nyt beiteareal, gamalt beite, turområde, områder på øyer, i indre strøk, kyststrøk, registrerte område i naturbasen – det var rett og slett ikkje noko som ikkje var representert blant søknadene.

Samarbeid viktigaste kriteria

Samarbeid mellom (tall) aktive grunneigarar, kostnadar per daa og tall (faktiske og forventa) dyr, totale kostnader og storleik på netto beieareal, og om søkjarane har fått tidligare ei tideling frå LID, var prioriteringa av dei kriteria som gjev føringane for tildelinga av midlane. Blant dei 20 som sendte inn ei skisse, blei det 15 søknader av. Til saman fekk 8 søknader høgast utteljing og det var løyvd midlar frå kr 15.000 til 200.000 (maks sum):

15.000                 (23% av søknadssummen)
40.000                 (20% av søknadssummen)
45.000                 (20% av søknadssummen)
100.000               (35% av søknadssummen)
100.000               (21% av søknadssummen)
100.000               (21% av søknadssummen)
150.000               (33% av søknadssummen)
200.000               (= maks sum, 28% av søknadssummen)

= 750.000 kr

Vilkår

Alle løyvingane har som føresetnad at prosjekta er fullfinansierte, eventuelt manglande finansiering må etter eventuelt lågare tilskotssum enn forventa, enten dekkast inn med eigeninnsats i form av arbeid/ kapital eller andre midlar. Dersom enkelte eventuelt ikkje vil klara å gjennomføra prosjekta med mindre enn forventa stønad, kan dei enten sende inn ei revidert versjon eller fråtre løyvinga. Frigjorde midlar vil så tildelast på nytt til dei som kjem nest i kø.

Ikkje lett å tildela midlar når budsjettet kunne vore 4 gangar så stort

Styret brukte mykje tid på å koma til ein god fordeling slik det vart brukbare sumar. Alle søkjarane har høve til å klage inntil 3 veker etter dei har motteke avslaget/ løyvingsbrevet. Dei vil sendast ut i veka 37 grunna ferie avvikling.

Fulg med på nettstaden vår

Etter kvart vil alle prosjekta leggjast ut på nettsida, slik at andre kan henta erfaringane sine derifrå.

Styret og prosjektleiaren takkar så mykje for ein kjempe storinnsats og er elles til hjelp med råd og tips – uansett løyving eller ei.

 

Takk for dykkar idear, skisser og søknader!