«Ny som bonde, må vil klare alt sjølve?» - Landskap i drift

«Ny som bonde, må vil klare alt sjølve?» Kompetanseprogrammet fo

Føremålet er å informere om tilretteleggings- og rådgjevingsapparatet i
 hordalandslandbruket, både innanfor det offentleg og private.
Det vil bli lagt vekt på ordningar for nye og unge bønder.

                                                  INNLEGG:

  • Tilskots- og finansieringsordningar for bruksutbygging og næringsutvikling, 
    v/ Karsten Valland, Innovasjon Norge.
  • «Det er hjelp å få». Informasjon om fadderordninga og andre satsingar for nye og unge bønder, v/ Bastian Hoffmann, FMLA- Hordaland.
  • «Vi satsar på mjølk i Hordaland» Korleis bli med på satsinga?,
    v/ Ola Alne, TINE/prosjektleiar.
  • «Ny giv i sauehaldet». Lokalt engasjement er viktig!,
    v/ Nils Inge Hitland og Reidar Kallestad, Hordaland sau og geit.
  • «Korleis kan kommunen hjelpe til»?, ved Tore H. Øye, Vaksdal kommune.
  • Møtet er det første i kompetanseprogrammet for unge og nye bønder. Vi vonar difor flest mogeleg kjem på møtet, sjølv om det er sommar og travel onnetid.

                  NB: Møtet og kompetanseprogrammet er for både:

  • dei som planlegg å ta over/kjøpe ein gard om eitt år eller to, …..
  • dei som står på trappene, eller nyleg har overteke/kjøpt ein gard
  • dei som har drive gard eitt år, eller to, eller tre.

   HUGS: Det er ikkje storleiken på eigedomen eller drifta som tel for å vere med på
   kompetanseprogrammet, men interessa og nytteverdien!

                                                 VEL MØTT!

Kommunehuset på Dale

Er du på Facebook?

Sjå her arrangementet på Facebook: